Gå tilbake til:
Du er her:

Legg fram tertialrapporten

Byrådet har lagt fram økonomirapporten for 1. tertial, det vil seie dei fire første månadane i 2019. Rapporten syner den økonomiske stoda til kommunen og inneheld også framlegg om å justere det vedtekne budsjettet for 2019.

– Tertialrapporten viser at vi har god styring på økonomien. Det samla avviket utgjer 0,7 prosent av dei budsjetterte utgiftene til kommunen. Vi ser at fleire har behov for særleg omsorgstenestene til kommunen. Byrådet tar høgd for det gjennom å foreslå å styrke budsjetta til dei mest pressa tenestene, seier finansbyråd Håkon Pettersen.

Det er særskilt tenesteområder innan helse og omsorg og oppvekst som vert styrka.

Her finn du digital versjon av 1. tertialrapport i Framsikt

Behov for styrking av tenestene

Driftsbudsjettet viser totalt eit forventa meirforbruk på 32,4 millionar kroner samanlikna med justert årsbudsjett. Dei sentrale budsjettpostane ligg an til eit positivt avvik på 122,6 millionar kroner, medan det for tenesteområda vert prognostisert eit meirforbruk på 155 millionar kroner. Hovudårsaka til avvika er større etterspurnad etter tenestene til kommunen. Byrådet rår til å justere budsjettet slik at det vert betre tilpassa den auka aktiviteten.

Dei største prognostiserte avvika knyt seg til skule (36, 1 millionar), tenester til utviklingshemma (19 millionar), tenester for eldre (34, 2 millionar), behandling og rehabilitering (40 millionar) og sosialhjelp og andre sosiale tenester (25 millionar). Dette er sentrale og viktige tenester i kommunen og byrådet ser difor behov for å styrke desse noko i fyrste tertial. Ein vil også ha eit særskilt fokus på desse tenesta fram mot 2. tertial, då ein erfaringsmessig veit at prognosane betrar seg noko utover året.

Nasjonale trendar påverkar behova og tenesta

Dei fleste av tenesteavvika skriv seg til auka etterspurnad etter tenestane, og mindre inntekter enn venta frå staten. Delar av dette skuldast demografiske trendar som ein ser over heile landet der fleire lever lenger. Denne trenden fører til auka press på kommunale tenester utan at dette i tilstrekkeleg grad vert kompensert frå staten. Byrådet er opptatt av å sikre gode tenester til innbyggjarane i Bergen og vel difor å styrkje ein del av desse områda i 1. tertial, og vil i tillegg følgje utviklinga nøye fram mot 2. tertial og i arbeidet med handlings- og økonomiplanen for 2020-2024.

På skule er delar av avviket knytt til bortfall av statstilskot til lærarnorma, i tillegg til utgifter i samband med etableringa av ungdomsfritidsordning (UFO). Ein del skular melder og om mindre handlingsrom i samband med innføring av lærarnorma som gjer det meir krevjande å løyse ekstra behov for vaksne innanfor eksisterande ramme.

Også høgare straumkostnadar enn venta påverkar kommunen sitt driftsresultatet negativt.

På området behandling og rehabilitering har ein eit prognostisert meirforbruk på 40 millionar. Mykje av dette skuldast ein ekstraordinær situasjon ved Bergen legevakt. Byrådet føreslår difor å styrke denne posten med 20 millionar.

Sidan ein vedtok justert budsjett er det også i ettertid gjort fleire endringar som påverkar budsjettert driftsresultat. Dette gjeld mellom anna bystyret sitt vedtak om busetjing av flyktningar, stiftingskapital til Bergen Kjøtt, samt at byrådsavdelingane har nytta fondsmidlar til konkrete føremål.

Justerer ned investeringsbudsjettet

På investeringsbudsjettet viser prognosane eit positivt avvik på 726,7 millionar kroner. Byrådet føreslår å justere investeringsprogrammet i tråd med det desse prognosane viser.

Den største forklaringa på det positive avviket er forskyving i tid på gjennomføringa av både prosjekt som er påbegynte og ikkje påbegynte. Dette er prosjekt som har oppstart i seinare periodar eller er forseinka til seinare år. Endringane gir ein reduksjon i bruk av lånemidlar på om lag 657 millionar kroner.

Les dokumenta

Saka skal vidare til handsaming i komité og bystyre